Florø - Stavang - Eikefjord
Fredag 25. til Sundag 26. juni 2010
(Veik - Våryr  - Viljesterk )

I veiking til «Veikefjord»

Veiking-konvoien set i år kursen austover. Først til «sponbaron» Haave i Stavang, og deretter til det konvoileiinga har døypt for Veikefjord.

Firdaposten, 11. juni 2010, av Iris Kvellestad

OVERREKKING: Frå venstre, Dag Magne Knapstad, Dag Bjerk og Vidar Nupen overrekker ei pengegåve på 10 000 kroner frå Veikingkonvoifondet, til Kjell Høyvik, nestleiar i Hovden og Barekstad Grendalag. Gåva skal brukast til utvikling av kulturtilbod til barn og unge i utkantstrøk. Foto: Iris Kvellestad.

Den tradisjonrike konvoien har bykst forbi talet 13 og feirar difor i år sitt 15-årsjubileum i høve det store byjubileet.

Fredag har Anders Haave lova vakkert vêr i Stavang der folk kan feire sommaren til tonane frå Veikingarna (eks-Nybø Band).

I Stavang blir opplegget litt annleis enn tidlegare år. Festen blir flytta nokre meter lengre opp mot butikken. Vi beklager at det blir litt lenger å gå for mange, men det er på grunn av sikkerheita vi har valt å gjere det slik.

– Våre etymologiske granskingar har synt oss eit artig dialekttrekk. Medan sunnmøringane prata halvemål og kuttar vekk bokstaven H fremst i orda, kutta desse fjordingane ut bokstaven V. I jubileumsåret er det såleis naturleg for oss å ønske veikingane velkomne til Veikefjord! seier konvoiadmiral Vidar Nupen.

Nupen fortel vidare at dei har fått mange negative reaksjonar frå folk om valet av Veikefjord. Til dette repliserer han:

— No er det jubileumsår, og då er det jo mykje fokus på sildefiske som var grunnlaget for byen. Kva hadde Florø vore uten silda? Og kva hadde sildefisket vore utan tønner? I Eikefjorden hadde dei mange tønnemakarar, desse var også viktig for sildefisket. Soleis kan vi seie at i år går konvoileiinga heilt tilbake røtene.

Elles kan Nupen fortelje at dei tar responsen som konstruktiv kritikk.

— Det er tydeleg at folk ønskjer å reise lenger vestover i havet, dette tar vi til etterretning. Vi lovar herved å reise lenger vestover neste år.

Nye innspel frå veikefjordingane er å lage ein veiking-rebus. Det vil bli plassert ut bøyer i fjorden mellom Stavang og Veikefjord med oppgåver veikingane må løyse.

— Dette er eit forsøk på å gjere fjorden litt lenger, seier Dag Magne Knapstad i stort alvor.

I Veikefjorden garanterer konvoileiinga for at ein kan nyte det late liv; svinge seg i dansen, preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. Sjølvsagt vert det mat og drikke å få kjøpt. Veikefjord har elles mykje å by på for store og små, så her bør det vere noko for heile familien!

– Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgde med rosande omtale, og eit kyss på kinnet, eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle, proklamerer konvoiadministrasjonen.

Avgifta, kr 9,- pr. båt (= brevporto A) betalar ein på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2011
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 17.02.11 av  © Linken