Florø - Stavang - Eikefjord
Fredag 25. til Sundag 26. juni 2010
(Veik - Våryr  - Viljesterk )

Eikefjord sentrum sett frå lufta (Bilde er henta frå Eikefjord Nett)

Vyrde Veiking!     
 Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi!
Og etter å ha byksa oss forbi talet 13, så feira Veikingkonvoien 15-års jubileum! som då er 1/10 av Florøs's by jubileet.

Fredag dreg vi inn til idylliske Stavang, der Sponbaron Anders Haave stiller med ein vakker våg, kaier, flytebrygger, servering og god stemning. Sjølvsagt vert det kaidans der vi får svinga oss til smektande perler og gnistrande rock, framført av  Veikingarna (ex. Nybø Band...)  Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss utover og innover fjorden.

Våre etymologiske granskingar har elles synt oss eit artig dialekttrekk frå Sentrum-2. Medan sunnmøringane prata halvemål og kutta vekk bokstaven H fremst i orda, kutta desse fjordingane ut bokstaven V. I jubileumsåret er det såleis naturleg for oss å ønske veikingane velkomne til Veikefjord!

Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. Sjølvsagt vert det mat og drikke å få kjøpt. Veikefjord har elles mykje å by på for store og små, så her bør det vere noko for heile familien!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.

Avgifta, kr. 9,- pr. båt (= brevporto A) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post! Hugs å kjøpe T-skjorte og Veiking-kalott!!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!

Veeel møøøtt!! 

Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og Veiking-kalott!!!

 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna.

Veeel møøøtt i Veiking i 2010 !! 

Stavang og Eikefjord har nærbutikk, så bruk dei til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Stavang Eikefjord
Stavang.no Eikefjord.Net

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2011
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 17.02.11 av  © Linken