Florø - Ferøykavlen - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2015
(Veik - Vaklande - Villfaren)

Vaklande og villfarne

Årets Veikingkonvoi går for halv maskin. Generalforsamlinga ber folk finne seg ei valfri hamn på fredagen.
VILLFARNE: Veike og vaklande veikingar skal atter ut på tur. Generalsekretær Dag Magne Knapstad t.v. og Konvoigeneral Vidar Nupen inviterer til Veikingkonvoi 26. juni. Foto: arkiv

Firdaposten  17.04.2015  av  Linda R Bruvik

I juni kastar veikingane loss for 19. gong. Men fritidsbåtkonvoien som kvart år samlar 100–200 båtar har i år eit noko redusert program. For veikingane har ikkje klart å få landingsløyve i noko hamn på fredagskvelden. Derav årets slagord; Veik, vaklande og villfaren.


– Vinden har snudd litt. Tidlegare spurte grendalaga om å få besøk av konvoien. Men no er det vi som må spør, og vi har dessverre fått nei frå fleire, fortel Dag Magne Knapstad, generalsekretær i Veikingkonvoien.
Han understrekar at han har stor forståing for at fleire grendalag har sagt nei til besøk.

Stor jobb
– Det er ein stor jobb å ta imot veikingane, og ein får kanskje litt lite att for alt arbeidet, sjølv om grendalaga får behalde alle inntektene, og kanskje sit att med 40. – 50.000 kroner. Dei arrangerer dans og matservering, og har vakthald i hamna. Men veikingane er kanskje litt for lite flinke til å nytte seg av tilboda. Mange blir sittande vel lenge i båtane og kose seg, noko som er synd for dei som lagar arrangement på land, seier Knapstad.

– I år var vi dessutan seine med å spør. Vi i leiinga har litt vanskeleg for å organisere oss. Generalen er på sunnmøre og vi to andre sullikane er her i by’n.
Han understrekar at grendalaga gjer ein fantastisk jobb, og legg ned ein stor arbeidsinnsats for konvoien.

– Må endre litt
Konvoigeneralen sjølv, Vidar Nupen, snur litt på det.
– No har vi gjort det same i 18 år, eller noko slikt. Skal konvoien overleve, så må vi endre litt på ting. Så i år blir det valfri uthamn på fredag, og så samlast vi på Svanøy på laurdag, seier han.

– Vi reknar med at folk preikar saman og at fleire finn seg hamner i lag, her og der. Vi har jo drive med folkeopplysning i alle år, og guida folk til lure hamner og vakre vågar. I år får dei finne fram til sin favorittplass sjølve, oppfordrar Nupen.

Han føreslår Florø Båtforening sine gjestehamner på Domba, Hillersøya, Skorpa og Ålvora som stader ein kan legge til.
Elles har også Svanøy sagt at båtane gjerne kan komme dit allereie fredag, men at det ikkje vert noko organisert opplegg før laurdag. Laurdag stiller grendalaget opp og lagar veikingfest, og det blir mellom anna sal av grillmat og drikke, og det blir dans på kvelden.

Fellesavgang
Det blir uansett felles avgang frå Florevika fredag kveld. Men ikkje med Nupe-gavlen i front.
– Nei, den har eg seld. I år skal eg sitte på med Dag Bjerk, generalinspektør i Veikingkonvoien. Vi får det nok kjekt i hop!

 

 

Gå til Presseoversikt for 2015

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

[public_html/Konvoiane/2015/VK-Meny-98-vertikal.htm]