Florø - Fanøy - Barekstad
Fredag 27. til Sundag 29. juni 2014
(Veik - Veksande - Viljesterk)

Barekstad får i år besøk av Veikingkonvoien for andre gong. Førre gong var så vellukka at
veikingane reknar historia si i før og etter Barekstad, i følgje grendelagsleiar Kjell Høyvik.
Foto: Kjartan Godø

Firdaposten  23.03.2014  av Liv Standal

Årets Veiking-helg er 27-29 juni, og det er Barekstad på Hovden som er målet laurdag, medan rutinerte Fanøy tek i mot veikingane for sjuande gong fredagskvelden.

Det gjekk over ti år frå Veikingkonvoien starta opp i 1997 før Barekstad i 2008 tok mot til seg og opna hamna for ein veik, vittig og voluminøs gjeng, i følgje dette årets motto.

- Vi vart spurde også i fjor, men då var det vanskeleg å få til. I år passa det derimot veldig godt. Skulle det bli dårleg vêr, er det plass til mykje folk på buene her i Barekstad, reklamerer leiar i grendelaget, Kjell Høyvik.

Han fortel at veikingane var svært nøgde med opplegget sist dei var på besøk:

- Dei sa dei rekna historia si før og etter Barekstad, humrar han, og fortel at det vart spesielt sett pris på at dei hadde så rikeleg med vakter på jobb under arrangementet.

Også vêret viste seg frå si aller beste side dette året, og til dei som no lurar på om dei skal legge den viltre og vidunderlege Veiking-helga inn i kalenderen har Høyvik dette å sei:

- Dei som var her sist, var ein fredeleg gjeng. Litt må ein jo rekne med når så mange samlast - eit par stykker datt til dømes på sjøen, men dei kom fort opp att. Alle er hjarteleg velkomne!

 

Gå til Presseoversikt for 2014

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

[public_html/Konvoiane/2014/VK-Meny-98-vertikal.htm]