| 
                 Vyrde Veiking!   
				  
				I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 18. gong. Nok ein 
				gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre 
				føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi! 
				 
				Fredag dreg vi ut til idylliske Fanøya i Batalden. Grendalaget 
				stiller med ein vakker våg, rikeleg med flytebrygger, store telt 
				og god stemning på kaiene. Batalden Landhandel har kveldsope. I 
				skulehuset er det duka til dans og fest langt ut i dei små 
				timar. Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe 
				og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol! 
				 
				Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! På butikken 
				vert det servert frukost, og etter sortering av dieselfilter, 
				mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss vidare til 
				Barekstad der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte 
				det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge 
				åndelege songar. På kaia er det både dusj og WC, straum og vatn 
				til båtfolket og servering av grillmat og drikke. På 
				leikeplassen kan ungane få utfalde seg medan far tek seg ein 
				middagslur. Ut på kvelden vert det sjølvsagt dans til 
				spelukanten Tore Leiren, kjend frå m.a. Steinar Engelbrektson. 
				Her vert det garantert stor stemning! 
				 
				Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt 
				arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit 
				kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt 
				viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, 
				båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer 
				sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for 
				alle. Avgifta, kr. 10,- pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia. 
				Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at 
				kajakkar går som B-post! 
				Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!
				 
				
					  |