Dag Magne Knapstad i
Veikingkonvoi-styret overrekte fredag to pengegåver til kystnære
prosjekt. 25.000,- til benkar og bord på leira i Brandsøy, og
15.000,- til grillar på Flatholmen på Sørstrand Folkepark.
Konvoigeneralen er i eksil på Sunnmøre så æra av overrekkinga
fell til generalinspektør Dag Magne Knapstad. Han har saman med
Nupen og Dag Bjerck vore med sidan byrjinga av konvoien for 18
år sidan. Ei veke før årets Veikingkonvoi går av stabelen har
styret donere pengar til lokale formål.
– Vi tenkte det var på tide med nok ei utdeling av nedsylta
pengar frå Veikingfondet. No har vi samla saman alle
syltetøyglasa med myntar som har vorte akkumulert opp gjennom
åra og bestemt oss for å dele med andre. Vi er evneveike, men
gåvmilde. I statuttane til Veikingfondet står det at pengane
skal nyttast til kulturtiltak for born og unge i utkantstrøk,
seier Dag Magne Knapstad medan han les opp eit skriv frå
konvoigeneral Nupen.
– Vi håpar at dette er med på å gje flest mogleg gode
opplevingar i og ved sjøen, at born får betre tilvenjing til
vatn og auka symjeferdigheiter, samt at barnefamiliar og andre
får eit lågterskeltilbod til sosiale og fysiske aktivitetar,
seier.
Skal sette opp bord og benkar
Iselin Ytre-Hauge i Brandøy Velforeining seier pengane går til å
få i gong arbeidet på badeplassen Leira i Brandsøy.
– Pengane skal gå til bord og stolar i stein på badeplassen, og
om det er noko til overs håpar vi å forbetre stien ned hit. Vi
har fleire langtidsplanar som involverer å få opp ein
leikeplass, utbetre av tilkomstvegen og generelt gjere dette
området meir tilgjengeleg for folk, seier ho.
Veikingane har presisert at benkane og borda må komme frå lokal
stein frå Løkkebø.
– Det er vanskeleg å få tak i midlar, så vi er svært glade for å
få denne donasjonen. Det gjer at vi kan komme i gang med det
kortsiktige arbeidet og få laga benkar og bord i stein.
Utbetre flatholmen
Også Magne Hovland i Sørstrand Folkepark seier pengane kjem godt
med. Pengane er øyremerkt til Flatholmen som ligg heilt sør i
uteområdet, og ifølgje Hovland er det mykje som står att.
– Der er det både utbetring av veg, og fleire badebrygger som
skal setjast opp. Pengane kjem godt med og vi er veldig takksame
for gåva, seier han. |