Florø - Litle Høydal - Svanøy
Fredag 26. til Sundag 28. juni 2009
(Veik - Vrang - Vidunderlig )

Der lukka er ein semidiesel

– Kva eg ønskjer meg til 50-årsdagen? Nei, eg kan no få ein semidiesel, sa Helge Terøy på spøk. Kameratane tok han på ordet, resten er historie. Båtmotorhistorie.

Firdaposten,  Tekst og bilder .Arve Solbakken

Helge Terøy ønskjer velkommen til Høydalane Motormuseum. 

Replikken fall i 2004. No, over fire år seinare, har dugnadsgjengen i Høydalane Motormuseum restaurert og sett i full stand ei lang rekkje med klassiske båtmotorar frå svunnen tid. Vi snakkar om båtmotorar som vart laga frå tidleg på 1900-talet fram til ut på 50-talet.

Semi-dieselklassikarar som folk langs kysten kjende på lyden. Rubb. Rap. Sterk. Sleipner. Marna. Finnøy. Sabb. Og så vidare.
– Første motoren til museumet vårt var vanskeleg å få fatt i, men sidan har vi fått tilgang på fleire enn vi kan ta oss av, fortel Helge Terøy.

Han understrekar at museumet er alt anna enn eit einmannsprosjekt.
Utstillingslokalet er ei sjøbu som ligg ved sida av sagbruket som senior Terøy, Hjalmar, har drive i ein mannsalder. Framleis hender det at «sagføraren» sveivar i gang for å gjere lokalt tømmer om til plank og bord. Litt lenger inne på land ligg eit stort verkstadslokale. Fullførde og nye restaureringsobjekt står på geledd langs veggene.

I eit hjørne står det grommaste gjengen har fått på plass i Høydalen så langt: «Rubben» på 40 HK er hes, nonsjalant og grov i målet der den går på sakte. Nesten litt overlegen i tonen. Berre så vidt den gidd å gje frå seg ein lyd av og til. Maskina, som er laga på Wickmann Motorfabrikk på Rubbestadneset, har gjort si teneste i skøyta «Helgaskjer» og er på utlån frå Kystmuseet.
Mekanikar Arild Terøy dullar litt med den. Den går visst feil veg, får eg vite. Han tek den så langt ned i turtal at den nesten stoppar. Akkurat når svinghjulet nærmar seg toppen, drar han i ein spake og tvingar mekanikken til å svinge motsett veg.

– Det er gitt ut ein populær lyd-CD med gamle båtmotorar. Eg trur ein CD med lyden av alle dei som sleit med å få i gang desse gamle maskinene ville selje minst like godt, ler han.
Saman med Atle Apalseth er han den som har fomell kompetanse som motormekanikar. Elles er Trond Terøy elektrikar av profesjon. Men summen av realkompetanse er stor i dugnadsgjengen, og resultatet er imponerande.

Ei skinande blank rekkje ferdig restaurerte semidieslar står langs austveggen. Muesumselektrikaren har løfta dei fram frå buamørkret med ei rekkje spotlight.

Gjengen benkar seg rundt det solide langbordet langs motsett vegg. Litt røsleg dandert «nips» som garnkuler og gamle skipsradioar vitnar om her er det ikkje kvinnfolka som rår grunnen og bestemmer plasseringa av møblementet. Ei cognacflaske i hjørnet vitnar om at god gammal årgang står høgt i kurs, og at museumet er like mykje ein fristad og sosial møteplass.

– Klubblokalet vert også mykje brukt til festleg samkome om sommaren, fortel Helge Terøy.
– Ja, vi har også halde kurs med solid fagleg innhald i seine nattetimar i oppfyring av gamle semidieslar, supplerer Arild.
Å fyre opp ein god gammal semidiesel og nyte lyden til ein sober dram. Det er det gode liv.

SABB-samlinga frå Damsgård Motorfabrikk i Bergen er nesten komplett. Dei manglar berre ein 5-7 HK.

– Vi har fått alle motorane i nærmiljøet kring Eikefjord, Høydalsfjord og i Førdefjorden. Og vi har tilbod om fleire, fortel Helge Terøy.
Det var båtmotorfabrikkar på «alle nes». Det skal ha vore to i Florø. Florø Mekaniske Verksted laga Victor-motorar. Det skal også ha vore produsert ein som blei kalla Viking. Begge desse motorane er interessante å få fatt i for motormuseumet.

– Vi har eit godt samarbeid med Kystmuseet, men er ikkje interessert i å bli noko offentleg museum. Å bli dregne inn i den offentlege papirmølla, det vil vi ikkje, slår han fast.
Den største gleda med hobbyen er å få besøk av gamle veteranar, skipperar og sjøfolk som var ombord i skutene og som kan fortelje dei gode historiene frå sjølivet frå 1930-talet og utover. Om dei motorane som gjekk og var ei velsigning, og om dei som dreiv folk til vanvit av å prøve å få dei i gang.

– Gamle skipperar som Ludvig Grytten får ei tåre i augekroken når vi fyrer opp, og dei får høyre låten i dei gamle maskinene. Då kjem historiene på løpande band.

Dei menneska som kan noko om dette, er ein utdøyande rase. Vi har spurt oss for rundt omkring om i bygdene, og dei einaste som kan noko om dette er pensjonistar no – og dei kjenner kvarandre godt Det er mykje kunnskap som kan kome til å bli gløymt for alltid, til dømes kunsten å kunne støype eigne lager, fortel Arild Terøy.

Ein norsk-amerikanar som var på besøk i Høydalen i 1969, filma «Sendingen» då den gjekk i rutefart i fjorden. Den hadde ei Finnøy-maskin om bord.

– Den 8 mm-filmen har vi no fått digitalisert, fortel Helge Terøy.
Han ser Høydalane Motormuseum i samband med senteret som no skal byggjast på helleristningssenteret i nabogrenda Ausevika.
– Vi må no ha noko å tilby folk som besøkjer bygdene våre, meiner mannen som har store delar av skulda for at motormuseumet er blitt ein realitet.

Dei tok han på ordet. Han fekk hakeslepp i sin eigen 50-årsdag då gjengen monterte eit styrehus i hagen. Og inne i MT «Lykken» vart det montert ein friskmeld og vital Sabb-diesel frå hine hårde dage. Og i sin eigen 50-årsdag måtte han fram med blåselampa og gløde. Og til den tøffande lyden av Sabb kunne festlyden nyte ein god årgang cognac i hagen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken