Florø - Askrova - Rognaldsvåg
Fredag 28. til Sundag 30. juni 2013
(Veik - Var - Vinglete
)

 

Vyrde Veiking!     

I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 17. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi!

Fredag dreg vi ut til idylliske Askrova. Grendalag og handelsmann stiller med kaier og flytebrygger, pub og grilltelt, og kveldsopen butikk. Florøbandet Punch spelar opp til kaidans., så her er det duka til dans og fest langt ut i dei små timar. Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss vidare til Rognaldsvågen der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. I grendahuset vert det servering av mat og drikke -med smakebitar av kveldens dansemusikk og underhaldning.

Utover kvelden vert det grilling og dans. Per Bolstad m/fl. syter for variert og fin dansemusikk for vaksne.

I god Veikingstil vert det ikkje hamneavgift nokon stad. På Askrova kostar dansebilletten kr 100,- /kr 150,- e.kl. 2200,

i Rognaldsvågen er prisen kr 100,- / kr 200,- e. kl. 2200.

Dette har alle råd til å betale!    

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Avgifta, kr. 9,50 pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!


 

 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har. Kjøpe danse billett og vær med på til stellingane dei har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna. Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein annan gong.

Veeel møøøtt i Veiking i 2013 !! 

Askrova og Rognaldsvåg har begge nærbutikk, så bruk dei til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Askrova Rognaldsvågen
www.askrova.no www.reksta.no
http://www.reksta.origo.no

Her kan du (Når den er ferdig) laste ned årets VEIKINGPROGRAM og  PLAKAT. Skriv den då ut og gi det til venner og bekjendte

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken