Vyrde Veiking!
I år kastar Veikingkonvoien loss for vistnok 19. gong.
Men i år har me som årets slagord seier vert både
"Vaklande og Vilfaren". Langt ut i mai hadde me ikkje
klart å finne landingsløyve til fredagen? Svanøy takka
med ein gong ja til laurdagen, men Fredagen blei
vanskelegare.
Verken Askrova, Fanøy eller Barekstad såg seg dessverre
ikke i stand til å ta i mot oss i år.
Stavang har vi dessverre
ikkje turd å spør.,. Men så kom ein gad melding i
frå vetle Ferøykavlen. "Me kan prøve å ta fredagen"
Dermed så blir det full konvoi også i år.
Fredag 26.juni
Florø - Færøykavlen
Vi derg ut frå Florøvika, kl 18:00 og sette semnen rett
vest mot Stabben, for så å dreie litt sørover mot
Færøykavlen, som ligger berre nokre få Nm nord for
Gunnhildvågen. Så det blir en kort seilas den fyste
kvelden.
På færøykavlen vil Wencke og Bassen saman med resten av
grenda ta i mot oss. Her får en kjøpt mat og drikke, og
det blir dans med gruppa
Punch.
Forhandssalg av billetter til dansen er til salgs hos
Solheim Diesel og New1 på Amfi.
Færøykavlen har ikkje så stor hamn, så blir det mykje
folk så må en fordele seg på dei forskjellige hammene.
Men det er lagt ut ekstra brygger.
I Hamna mot vest er det plass til, omlag 40 båtar. Desse
blir liggende like ved scena så her må nok alle løyse
billett til dansen.
Hamna mot øst vil ta ca 80 båter av normal størrelse.
Om nokon ønsker å komme med store skøyter el lign er det
kjekt om dykk tar kontakt med dei på Færøkavlen på
førhand, så får dykk hjelp til plassering. Wenche har
telefon 971 27 359. .
Laurdag 27.juni
Færøykavlen - Svanøybukt
Vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! og etter å ha
tatt solhøgde og kompass kurs dunkar vi oss vidare til
Svanøy der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi
nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar
og synge åndelege songar. På kaia er det butikk dusj og
WC, straum og vatn til båtfolket og servering av
proviant, grillmat og drikke til langt ut på natta.
Svanøy er et eldorado for unge og gamle Veikingar. På
leikeplassen og leiren kan ungane få utfalde seg medan
far tek seg ein middagslur. En kan vitje Hovud Gården,
Hjortresenteret, Svanøe sitt kunstgalleri, riding på
Erikstad gard og mykje meir. Ut på kvelden vert det
sjølvsagt dans med
Ingvar Hopland og Arne Schei Powerduo. Her vert det garantert stor stemning!
Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som
gjer alt arbeidet. Derfor er det viktig for
Veikingkonvoiens eksistens at vi dei sit igjen med noko
som gjer det fristande å få oss attende. Derfor handlar
du på butikken, kjøper mat og deikke, Betal for dansen.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit
kyss på kinnet eller ein annan stad.
Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går
fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse
strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Avgifta har dessverre også i år stege, den er no på kr.
10,50 pr. båt (= A-prioritet brevporto) betalar du på
kaia.
Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får
vere at kajakkar går som B-ØKONOMI post!
Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!!
For Veikingkonvoiens forsatt
eksistens er det viktig at verts øyene har noko igjen
for alt fantastiske arbeidet dei år etter år bruker for
å legge til rette for at vi Veikingar skal ha det bra.
Veiingkonvoien vil oppfordre
konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og
nærbutikkane på stadane me vitjar har.
Provianten
handler du på øya,
kjøp grillmat og drikke .
Kjøpe danse billett .
Vær med på til stellingane dei
har.
Då
er dykk med på å halde
liv i
bygdene og lokalsamfunna.
Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein
annan gong.
Veeel møøøtt
i Veiking
i 2015
!!
|
|