Vyrde Veiking!
I år kastar Veikingkonvoien loss for 20. gong. Og 20 års
jubile'et lyt vi markere. Og med årets slagord "Veik -
Vågleg - Vitlaus, legg vi kursen for fyste gong ut av
den trygge kommunen og er "vågleg" nok til å krysse
stafjorden med vitjing på Herland og Værlandet. Så får
historia fortelje om me no har vert "vitlaus" .
Fredag 24.juni
Florø - Herland
Kl 17:00 derg vi ut frå Florøvika, og sette stemnen rett
vest mot Havrenes tåa, der vi tørna noko sør. Etter Ausa
held me nokolunde stø kurs sørover mot Atløy og Herland.
Her vil karane i Herland Småbåthamn ta vel i mot oss, og
sørge for at me ligg trygt og godt for natta. (ps
hameavgift)
På "Veiking Pup" (Tviberg Feriesenter) Kan en renske tørre
struper og fylle tomme mager, mens Jarle Lerøy spele
flott musikk. (cc kr 200,-)
Laurdag 25.juni
Herland - Værlandet
Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! og
etter å ha tatt solhøgde og kompass kurs dunkar vi oss
vidare til Værlandet, der bygdefolket tek vel i mot oss.
Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende,
spele gitar og synge åndelege songar.
Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som
gjer alt arbeidet. Derfor er det viktig for
Veikingkonvoiens eksistens at vi dei sit igjen med noko
som gjer det fristande å få oss attende. Derfor handlar
du på butikken, kjøper mat og deikke, Betal for dansen.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit
kyss på kinnet eller ein annan stad.
Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går
fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse
strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Avgifta har dessverre også i år stege, den er no på kr.
11,- pr. båt (= A-prioritet brevporto) betalar du på
kaia.
Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får
vere at kajakkar går som B-ØKONOMI post!
Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!!
For Veikingkonvoiens forsatt
eksistens er det viktig at verts øyene har noko igjen
for alt fantastiske arbeidet dei år etter år bruker for
å legge til rette for at vi Veikingar skal ha det bra.
Veiingkonvoien vil oppfordre
konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og
nærbutikkane på stadane me vitjar har.
Provianten
handler du på øya,
kjøp grillmat og drikke .
Kjøpe danse billett .
Vær med på til stellingane dei
har.
Då
er dykk med på å halde
liv i
bygdene og lokalsamfunna.
Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein
annan gong.
Veeel møøøtt
i Veiking
i 2016
!!
|
|