Vyrde Veiking!
I år kastar Veikingkonvoien loss for 20. gong. Og med årets slagord "Veik -
Vanfør - Visjonær, legg vi kursen speilvent av den fyste
konvoien i 1997 og går til Fanøy og Stavang.
Fredag 23.juni:
Florø - Fanøy
Kl 18:00 derg vi ut frå Florøvika, og sette stemnen rett
vest mot til Fanøya, der grendalaget tek vel i mot oss.
Laurdag 24.juni:
Fanøy - Stavang
Laurdag vaknar vi sjølvsagt til strålande solskin! og
etter å ha tatt solhøgde og kompass kurs dunkar vi oss
vidare til Stavang der vi no igjen harfått landlov.
Grenda vil by på trubadur festival med mange flinke
artister.
Vi kjem attende med fleire detaljar når det nærmer seg
avreise
Generelt:
Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som
gjer alt arbeidet. Derfor er det viktig for
Veikingkonvoiens eksistens at vi dei sit igjen med noko
som gjer det fristande å få oss attende. Derfor handlar
du på butikken, kjøper mat og deikke, Betal for dansen.
Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit
kyss på kinnet eller ein annan stad.
Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går
fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap.
Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse
strandhogga vert til gode opplevingar for alle.
Konvoiavgifta er no på kr.
11,- pr. båt (= A-prioritet brevporto) betalar du på
kaia.
Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får
vere at kajakkar går som B-ØKONOMI post!
Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!!
For Veikingkonvoiens forsatt
eksistens er det viktig at verts øyene har noko igjen
for alt fantastiske arbeidet dei år etter år bruker for
å legge til rette for at vi Veikingar skal ha det bra.
Veiingkonvoien vil oppfordre
konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og
nærbutikkane på stadane me vitjar har.
Provianten
handler du på øya,
kjøp grillmat og drikke .
Kjøpe danse billett .
Vær med på til stellingane dei
har.
Då
er dykk med på å halde
liv i
bygdene og lokalsamfunna.
Samstundes som me Veikingar blir velkommen attende ein
annan gong.
Veeel møøøtt
i Veiking
i 2017
!!
|
|