Florø - Svanøy - Vevring
Fredag 22. til Sundag 24. juni 2012
(Veik - Varm - Velfødd)

Vyrde Veiking!     
I år kastar Veikingkonvoien loss for visstnok 16. gong. Nok ein gong har presset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter gjort at vi rustar oss til landets største båtkonvoi!

Fredag dreg vi til Sunnfjords perle; Svanøya. Grendalaget stiller med ein vakker våg, rikeleg med flytebrygger, store telt og god stemning på kaiene. Her vert det god gammaldags kaidans og fest langt ut i dei små timar. Sjølvsagt blir det servert kulinariske gleder for strupe og mage til langt på natt! Hugs Brylcreme og Stomatol!

Laurdag vaknar vi som vanleg til strålande solskin! Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, tek vi det store steget og kryssar kommunegrensa for første gong!! Vi dunkar oss nemleg heilt inn til kunst- og kulturbygda Vevring der bygdefolket inviterer til Slåtte-rock. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og jamme som det heiter. Elles skulle her vere aktivitetar for store og små. Ut på kvelden vert det mange kulturelle aktivitetar, konsertar, dans og jonsokbrising.

Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at vi dreg nettopp til Vevring i år. Vi veikingar er engsteleg for kva som vil skje når eit heilt fjell skal malast til steinmjøl og dumpast i fjorden. Vi kjem såleis til å markere vår uro ved å reise eit monument over denne dristige tanken. Bygginga av monumentet gjer vi på dugnad under kyndig og kunstnarleg leiing.
Vi ber alle Veikingar ta med seg ein høveleg stein!

Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle. Avgifta, kr. 9,- pr. båt (=brevporto) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!
Hugs å kjøpe T-skjorte !!! Støtt dei veike!! Veeel møøøtt!!
 

 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna.

Veeel møøøtt i Veiking i 2012 !! 

Svanøy og Vevringa har nærbutikk, så bruk dei til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Svanøy Vevring
Fanoy.no Vevring.no

Last ned årets VEIKINGPROGRAM og  PLAKAT. Skriv det ut og gi det til venner og bekjendte

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2012
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 04.11.11 av  © Linken