Florø - Fanøy - Askrova
Fredag 24. til Sundag 26. juni 2011
(Veik - Vinnande - Von  )

 

Vyrde Veiking!     
I år kastar Veikingkonvoien loss for 15. eller 16. gong. Nok ein gong harpresset frå Florøfolk, Værlendinga, Ålfotingar og andre føter gjort at virustar oss til landets største båtkonvoi!

Folket i Batalden ynskjer Veikingkonvoien velkomen til Fanøya etter ein krevjande og strevsam seglas heilt aust frå Florø. Medan vågen vert fylt med båtar er grillmaten klar til servering i det store partyteltet på skuleplassen. Mellom 2200-0200 kan alle med dansefoten i orden svinge seg inne i skulen til fengjande musikk frå Nybø Band. Grendalaget har skjenkeløyve denne kvelden. Lokale krefter har også avtale med høgare makter om finver og solskin og reknar med fullt hus og hæla i taket.
 
Laurdag føremiddag er det tid for etterfylling av proviant av ymse slag. Batalden Landhandel ligg berre eit veikt steinkast frå rutebåtkaia og sel mat og drikke for både store og små. Butikken opnar kl 0830 laurdag morgonen og kan freiste med påsmurte baguettar til svoltne veikingar. Dei som vaknar med skjørbuk eller andre mangelsjukdomar kan i tillegg kjøpe både grønsaker og andre næringsrike produkt før flåten set kursen mot Askrova kl 1200. Vi oppmodar alle om å støtte nærbutikken på Fanøya og Askrova

 Etter sortering av dieselfilter, mjølkeglas, solkrem og kaviar, dunkar vi oss vidare til Askrova der bygdefolket tek vel i mot oss. Her skal vi nyte det late liv; preike med gamle kjende, spele gitar og synge åndelege songar. Elles skulle her vere aktivitetar for heile familien: nye gjestebrygger,Langope på butikken laurdag og søndag,
Bondemarknad, salg av økologisk mat samt samksprøver frå Espesether gard. Grottevandring med Guide - Muligheit for vandring og fisking i dei flotte fjellvatna på Askrova - Befaring av ledige hus/hytte tomter på Askrova.- Søndagsfrukost på Kroa- Kaidans med Mix Duo, grilling og slikt Som vanleg er det grendelaga og lokale eldsjeler som gjer alt arbeidet.

Vi i konvoileiinga er nøgd med rosande omtale -og eit kyss på kinnet eller ein annan stad. Elles er det sjølvsagt viktig for oss at konvoien går fint føre seg, utan slåsting, båtfyll og anna farkeskap. Reknar med at alle veikingar gjer sitt til at desse strandhogga vert til gode opplevingar for alle.

Avgifta, kr. 9,- pr. båt (= A-brevporto) betalar du på kaia. Båtar over 30 fot betalar dobbel avgift, men trøysta får vere at kajakkar går som B-post!

Veeel møøøtt!!   Last ned programmet i PDF-format

Hugs å kjøpe Årets T-skjorte og Veiking-kalott!!!

 

Me i Veikingkonvoien vil oppfordre konvoifolket til å nytte dei tilboda grendalaga og nærbutikkane på stadane me vitjar har. Då er dykk med på å halde liv i bygdene og lokalsamfunna.

Veeel møøøtt i Veiking i 2011 !! 

Fanøy og Askrova har nærbutikk, så bruk dei til proviantering.

Nokre aktuelle lenkje til stadane me vitjar

Batalden Askrova
Fanoy.no Askrova.no

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

1998
Florø - Stavang - Askrova

 

 

Veikingkonvoien 1996 - 2015
6900 Florø.   Tlf: 97536021 eller 90505161
E-post: post@veikingkonvoien.com    Web:  http//www.veikingkonvoien.com

Revidert: 09.04.15